FSAB

12-06-2018

Hei alle medlemmar i FosFor! 

Som de gjerne allereie har høyrt, kom det frå 1.1.2018 nye sertifikat for fiskeskipperar.

https://www.sdir.no/sjofart/fartoy/fartoystyper/fiskefartoy/nye-sertifikater-for-fiskeskippere-fra-1.1.2018/

Varmt samtaleemne om dagane på ulike skular, opplæringskontor, reiarlag og fiskerimiljø – er sertifikatet Fiskeskipper AB.

§ 32a «Forskrift om kvalifikasjoner og sertifikater for sjøfolk»(https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2011-12-22-1523/KAPITTEL_4#KAPITTEL_4), står det fylgjande om storleiken på sertifikatet;

Kompetansesertifikatet fiskeskipper AB gjer rett til å tenestegjere i uavgrensa fartsområde som:

-          Ansvarshavande vaktoffiser på fiskefarty uavhengig av storleik

-          Overstyrmann på fiskefarty uavhengig av storleik

-          Skipsførar på fiskefarty med bruttotonnasje opp til 3000 

Her i landet har det ikkje vore ei utdanning som har vore direkte knytt til Fiskeskipper AB, så Sjøfartsdirektoratet har difor gått ut med info om at kandidatar som ynskjer dette sertifikatet må gjennomføre opplæring til Kompetansesertifikat dekksoffiser klasse 4 – regel II/1 i STCW.

For å imøtekome dette kravet må ein gå 1. år på fagskule (nautisk). 

Men i den siste tida har det i regi av FosFor vore nokre medlemskular engasjert i å utarbeide eigen emneplan for Fiskeskipper AB, som opnar for at personar med kompetansesertifikat dekksoffiser klasse 5 eller nyleg gjennomført kurs i kompetansesertifikat dekksoffiser klasse 5 (innan dei siste 5 år), kan oppgradere til Fiskeskipper AB. Emneplanen er no sendt inn og den er godkjent av Sjøfartsdirektoratet. 

Ettersom det har vore ein del utviklingskostnader for FosFor, og for å fordele kostnaden på dei aktuelle medlemmane som emneplanen er relevant for, har styret bestemt at dei av medlemmane som har interesse av denne emneplanen betaler FosFor kr. 2500.

Emneplanen vil ein då få om ein tek kontakt med underteikna.

NB! Dei som ynskjer å starte opp dette kurset må søkje Sjøfartsdirektoratet (utviding av eksisterande kursportefølje). Men med ein ferdig utarbeidd og godkjent emneplan, ligg alt til rette for at dette skal bli ein relativ enkel og grei søknadsprosess. 

Styret i FosFor ynskjer alle medlemmar ein flott sommar!